Justin Bieber

Interesserer meg for fakta angåande Justin Bieber.

 

Det eg vil prøve med denne overskrifta er enkelt.

 

Kor mange fleire treff får eg på dette innlegget, dersom eg bruker Justin Bieber som overskrift? Vel det er det eg skal finne ut no.

Kvifor?

Interessant for lesarar?

Veitikkjeheilt.

Stikkord:

Kjetil Rekdal Sparka!

No har Aalesund sparka Kjetil Rekdal! Fatter ikkje at styret i Aalesund ikkje tenker seg om, mannen har ikkje gjort ein dårleg jobb, han har hatt lite økonomiske ressurser og gjort det heilt greit ut frå det han har hatt moglegheit for. Misnøye i spelargruppa??? Tja spelarar som er redde for å bli erstatta er ofte misfornøgde? Nokon bør fokusere på eigne prestasjonar!!!!

Lurer på kor mykje Aalesund må ut med for å kvitte seg med Rekdal,  eg trudde at Aalesund var ein klubb der dei ville drive økonomisk og bevise at Sunnmøringar har økonomisk vet (som nokon kaller for gjerrig).

Riktig å sparke Kjetil Rekdal? veitikkjeheilt.

Treningsplan idag.

Treningsplanen idag blir som dette etter fire strake treningsdagar med vekter:

 

Vaske eit bad, Vaske veggar og gulv. Dropper kjøkkenskap idag, står foran ein total nedvask. Det vil seie, ikkje treningsstudio idag :-(.

Men det er nok godt med ein kviledag, musklane kjennes stive og støle. Men satser på ein lengre rusletur :-) fint det og.

Men i morgon tidleg står vektene og ventar på meg! Ser fram til det.

Statoil truer med å flytte virksomhet fra Norge til utlandet!

Statoil truer med å flytte virksomhet fra Norge til utlandet på grunn av nye skattereglar (DN.no). Kven er største eigar???? Kanskje den største eigaren skal prate med leiinga for å sikre skatteinntektene? Veit ikkje heilt men det framstår som utroleg underleg at eit "statseigd" selskap i det heile tatt vurderer utflagging av arbeidskraft. Ok Statoil kan spare 2,3 milliarder, noko som er litt meir pengar enn eg heilt klarer å forhalde meg til. Men kva med det samfunnsannsvaret Statoil har? Statoil går ikkje akkurat med underskot.

Er det nokre leiarar som har gode bonusordningar, eller ein hemmleg drøm om å flytte utanlands? Skjøner jo det tross alt er det mykje dritvær her, men.......................................veitikkjeheilt.

18.11.2012


Eg var innom ei golfbane her ein dag, og hadde litt tid til å fundere over viktige ting her i livet.

1. Hald ryggen rett, bøyde knær og føttene i skulderbredde.
2. Ta eit laust grep.
3. Hold hodet nede.
4. Unngå rask baksving.
5. Ikkje stå i vatn.
6. Prøv å unngå å treffe andre.
7. Bruker du for langt tid, la andre få gå foran.
8. Ikkje stå rett foran andre.
9. Ikkje prat høgt når andre forbereder seg.
10. Ikkje ta ekstra sving.


Nå kan du spyle ned og vaske henda. Morsomt? Veik Ikkje Heilt....

Spyler du ned og vasker henda?

Del gjerne desse visdomsorda på facebook! Heilt gratis!!!

golf, facebook

Aksjetips

Kjøp Songa. Men kun dersom du har nerver av stål og tåler tap!

Short REC -  Rec er inne i ei varig solformørking. Neste børsnoterte konkurs etter SAS???

Lurer du på om eg er ein aksjeekspert, Veit Ikkje Heilt........... Er iallefall heilt utan ansvar for eventuelle tap, donasjoner etter gevinster mottas med takk........... Har for øvrig ikkje økonomisk sans eller pengar på bok.

Veit Ikkje Heilt

Veitikkjeheilt er ein fantastisk blogg i framtida, alle bør berre lagre adressa og følge godt med på ein meiningsfull blogg, der meiningane kjem til å skifte støtt og stadig. Det einaste som er heilt sikkert er at det ikkje kjem eit einaste bilete av klede eller sminke her.

I dag sit eg her og gledar meg over at Sogndal knuste Brann 2-0 og ny sesong i tippeligaen i 2013. Regnet høljer ned og lyn og torden har prega utemiljøet. Lurer og på korleis det går med SAS idag, går dei konk eller skal dei fortsette å tape pengar i morgon!?! Håper uansett at Giske held engar frå statskassa unna. Ingen grunn til å drive med kunstig livsforlenging.

En bekymret sas pilot kalte opp kontrolltårnet:
- Jeg er tom for drivstoff og er titusen meter over Stillehavet, trenger instrukser omgående.
- Gjenta etter meg, kom svaret, - Fader vår du som er i himmelen.......

Vel, der er ikkje sikkert piloten har jobb når han/ho kjem ned................. Eg klarerikkje å ta inn over meg alle som eventuelt mister jobben, mest fordi det er naturleg i ein økonomi at selskap går konkurs når dei taper så mykje over så lang tid. Må vere betre å legge inn årane, det dukker nok snart opp nokon som ønsker å ta en Kjos og gjere seg rike på luftfart som tar over rutene, i meir moderne og miljøvennlege fly. Forhåpentlegvis vil dei fleste ansatte få nye jobber i løpet av kort tid. Det må vere UTROLEG slitsom å gå på jobb dag etter dag og vite at arbeidsgivaren din ikkje klarer å tene pengar? Veit ikkje heilt men trur no da.

 

Nevnte eg at det er eit heilt for jævleg ver ute? Kanskje eg skulle lagt ut ei annonse om at eg ynskjer meg jobb på  ForumGranCanaria.com, eller søkt på ein jobb på GranCanariaJob.com? Veit ikkje heilt men kanskje,?, Eller kanskje ikkje. Muligens i morgon.'

Saknar i grunnen sol og sommar, men vil eg ha ei årstid og forhalde meg til? veit ikkje heilt.

Men tilbake til fotball! Er det synd at Fredrikstad rykker ned? NEI! det er vel fortent! Nest minst poeng i serien, ikkje noko å lure på, men det må svi noko voldsomt at Sarpsborg har eit tippeliga lag i 2013. Ull/kisa i tippeligaen eller Sandnes Ulf? Håper på Kisa, fordi eg tipper at dei havner bak Sogndal neste år!! Og held Sogndal seg neste år? Veit ikkje heilt.

Velkommen til min blogg!

Dette er den første posten på min nye blogg ;)

Les mer i arkivet » November 2012
hits